Kurs/Workshop
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Workshop med Lois Greenfield

I Juli 2009 har Nordmenn ein unik sjans å sjå korleis Lois Greenfield får til hennes unike dansefotografier.
Lois skal ta turen frå New York til Kviknes Hotell i Balestrand saman med 2 av hennes assistentar for å ha 3 workshoppar i perioden frå 23-31 Juli 2009. I lag med Thomas Morel og Interfoto AS skal me leggje opp til eit lærerikt prosess som alle har bruk for i sitt vidare arbeid som fotograf. Deltakarane får oppleve sjølv korleis det er å jobbe med Lois sitt utstyr og 4 dansarar frå Nasjonalballetten i Oslo. Berre kreativiteten din setjar grensar.

Det skal bli 3 workshoppar med forskjellige mulegheiter som kan vera interessante for ein kvar fotograf.
Den første er ein workshop på 2 dagar, som skal gå føre seg i studio på Kviknes hotell. Hovudtema blir derfor studiobildar av dansarane våre slik som Lois pleiar å jobbe.
Andre workshoppen er dei same 2 dagane i studio, men i tillegg skal me ta ein tur ut til breen, ein foss eller ei grotte for å kombinere dansefotografi med det Norske landskapet.
Tredje workshoppen går berre ut på dans ut i det Norske landskapet, og difor skal me velje 3 forskjellige locations ute som er svært interessante å ta bildar av med våre dansarar frå Den Norske Opera.

Prisane varierar mellom 10.200 og 16.100, avhengig av kva kurs du vil delta på.
Prisene på alle workshoppane er inkludert overnatting og mat (frukost, lunsj og middag) på Kviknes hotell (!), og transport til de forskjellige locations. Det inkluderar også bruk av våre digitale Hasselblader og alt studioutstyr som trengst, og bruk av fire dansarar gjennom heile workshoppen.

Kort sagt er det einaste du treng å hugse kreative idear og ein måte å komme deg til og frå Balestrand, og me tar oss av resten.

Bildane du tar gjennom workshoppen med vårt utstyr er dine, og du kan bruke dei i portofolioen og på websida di so lenge det ikkje har kommersielle mål.

For meir info om prisar eller påmelding: send ein e-post til tm.studios@hotmail.com, eller ring 0047.95144338.

Lenker:
www.loisgreenfield.com
www.tmstudios.no
www.interfoto.no
www.kviknes.no
Thomas Morel -
Thomas Morel
Eit bilde eg har tatt med Lois i hennar studio i New York
Lois Greenfield -
Lois Greenfield

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu