Kva er eit godt pressefoto?

Tidligere denne uken stilte redaktør Frank Hesjedal seg kritisk til kåringen av Årets bilde 2007. I denne kommentaren svarer Hilde Sandvik, medlem av årets jury og debattredaktør i Bergens Tidende, på noe av kritikken.
Årets bilde er ein konkurranse for norske pressefotografar. Juryen skal kåre det beste pressebiletet – og kva er no det? I år meinte juryen det var vanskeleg å kome forbi Caroline Drefvelin sitt bilete av Ali Farah i parken. Eg skal seie noko om kvifor. Politisk korrekt val, hevdar Morten Løberg (fotografi.no) og Frank Hesjedal i fotografi.no. Eg skal vedgå at det var fleire argument for valet, men det politisk korrekte var ikkje eitt av dei.

Nokre pressefoto blir til saker. Tenk Vietnamkrigen, Tiananmen Square eller Kong Olav på trikken. Nokre fotografi går rett inn i historia og skriv henne litt om. Biletet frå Sofienbergparken er eit slikt. Det kjem til å bli ståande, og det sette i gang ein debatt fordi det har ei retorisk kraft. Det er det eine argumentet.

Det andre argumentet handlar om utviklinga i norsk pressefotografi, sett i eit miniperspektiv på dei to åra eg har site i juryen. Valet av Årets bilde var eit svar på det eg ser på som to urovekkjande tendensar: Pressefotografane sin dagsorden er sett av pressekonferansar, presseturar og andre arrangement laga til for media: Dokumentarar frå innspelingar av TV-seriar, innspeling av debattprogram på TV, osv. I forgrunnen, som ei ramme rundt motivet, ser vi ryggane til dei andre pressefotografane som har gått den same løypa som akkurat deg denne dagen. Lett opp andletet til ei lita Gerd-Liv Valla på pressekonferanse, ei sliten Gerd-Liv Valla på pressekonferanse, ei Gerd-Liv Valla som gret på pressekonferanse, og vi har nær halve nyhendeklassen i år.

Den andre tendensen handlar om konsekvensen av magasinutviklinga: Konstruerte fotografi, skapt av ein stab med stylistar, frisørar og oppfinnsame fotografar. Ressurskrevjande, og ofte med resultat som slår i helgepakken, men eit sidespor for pressefotografiet (det burde ha vore ein eigen magasinklasse).

Biletet frå parken viser at fotografen framleis trengst der ute i den augneblinken verda kanskje blir litt endra, for dermed å vere med på den endringa.

Det ideelle pressefotografiet, slik eg ser det, er det gode nyhendebiletet med gode kunstnarlege verdiar, medviten komposisjon, god bruk av lys. Løberg og Hesjedal meiner fotografiet frå parken var dårleg, men dei har ikkje greidd å overtyde meg om kva dei meiner er det dårlege. «Kunne vore tatt av andre», skriv Hesjedal. Ja vel, men det var ingen som gjorde det. Drefvelin var der. Under dårlege lysforhold laga ho eit bilete fullt av informasjon, intensitet og kraft. Det var dette som til sjuande og sist gjorde det vanskeleg å gå forbi henne.

Det er strålande at det blir debatt, fordi det gir ein grunn til å stille spørsmålet ein gong til: Kva er eit godt pressefotografi? Eg vonar eg i det minste har gitt nokre argument for kva eg meiner ikkje er det.

Hilde Sandvik, debattredaktør i Bergens Tidende og jurymedlem

_________________________________________________________

Har du kommentarer til Sandvik eller Hesjedal sin Leder?

Send inn leserinnlegg eller kronikk til:
desk@foto.no

_________________________________________________________

Pressefotografforbundet i Danmark:
http://www.pressefotografforbundet.dk/fotografi/index.php?id=9936
http://www.pressefotografforbundet.dk/fotografi/index.php?id=9941

Fotografi.no:
http://fotografi.no/wip4/aarets_bilde_feil_bilde/d.epl?id=154352
http://fotografi.no/wip4/mange_kritiske_aarets_bilde/d.ep...?id=154367

Caroline Drefvelin - Ali
Ali
Caroline Drefvelin

Relaterte artikler Relaterte artikler:
Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu