portrett
Øyvind H.
Vart fødd bak Domus i Sogndal, eit knapt halvår før månelandingen i -69. Sleit ut barneskoa mellom gravensteinsaplar, kirsebærtre, turrhøy og nokre sauer i Sogndal. Har og røter på Leikanger, men etter snart 19 år i Lærdal reknar eg meg vel mest som velintegrert lærdøl, noko systrending og litt sogndøl (ein sogning altso). Gift, med to etterkvart godt framfødde ungar. Har utdanning innan både media, forming og lydteknikk, og har jobba både i avis og nærradio. Er no tilsett på kulturhuset i Lærdal med ansvar for kinoen, og elles anna teknisk arbeid på huset. Fotointeressen starta med tjuvlån av mor sin Pentax speglrefleks, 15 år gamal kjøpte eg ein Olympus OM10 for eigne surt opptjente midlar. Seinare vart det eit brukt OM2, og når dette var utslitt fekk eg overta mor sin gamle Pentax K1000. Dette kameraet var i drift fram til mitt fyrste digitalkamera, ein Fujifilm superzoom, som snart vart erstatta av eit Olympus WZ 8080. Deretter vart det eit Olympus Pen EP3 med 17 eller 45 mm 1,8 på, og så bytta eg til eit E-M10 hus. No for tida vert bileta knipsa med eit Sony RX10. Starta og tidleg med å framkalle sjølv i mørkerommet, og jobba ein periode som fotoassistent i lokalavisa med ansvar for all framkalling og kopiering. Likar framleis å prøve å hente ut det fulle og heile potensialet til eit foto med litt etterbehandling, men no føregår dette i Lightroom eller Photoshop. Likar å ha eit litt skeivt og røfft blikk på verden, det ufullkomne er ofte det vakraste, perfeksjon er stort sett dørgande kjedeleg.
Medlem siden
Bosted: Lærdal
Epostadressen er kun synlig for innloggede brukere
Som innlogget kan du kan sende melding til bruker
Mer info om bruker: Brukers side på foto.no

Annonsørerfaringer
Kjartan N.
Kjøpte et objektiv av Øyvind. En hyggelig og seriøs selger. Anbefales! :)
Tor Arve T.
Kjøpte kamera av Øyvind.
Varen var i den stand som opplyst og ble sendt med det samme betalingen var gjort. En ryddig og god handel...
Som innlogget bruker kan også du legge inn dine erfaringer med annonsøren her.
Åpne uskalert versjon i eget vindu