Pressemelding
Dette er en pressemelding! Innholdet i denne teksten representerer ikke nødvendigvis foto.nos syn på innholdet.

Opnar fotostudio i Sogndal

Oskar Andersen, som driv firmaet Debra foto as, har ordna seg med fotostudio i Sogningen Storsenter i Sogndal.
Fotografen satsar no på portrettfotografering i tillegg til reklamefoto.
Eg har fått leige eit lokale i Aabergbygget på storsenteret i Sogndal. Frå og med fredag 16.oktober kjem eg til å tilby portrettfotografering nokre dagar i veka fram mot nyttår, seier Oskar Andersen i ei pressemelding.

Andersen som bur i Solvorn i Sogn, har i mange år jobba som fotograf. Han har for det meste jobba med reklamefotografering og hatt oppdrag for ein rekkje reklamebyrå, industri- og offentlege verksemder både i Sogn og Fjordane og i Hordaland/Bergen. Ein rekkje bøker har det også blitt m.a. ”Fjordamat” og ”Ta kaka” på Selja Forlag.
Han har og drive med fotografering av brudepar og portrett.

Då lokalet på storsenteret var ledig, fekk eg ideén om å starte opp eige portrett- studio. For tida har eg kapasitet til det, og eg meiner det er plass til fleire fotografer som jobbar med portrett her i Sogn, seier Andersen, som opphaveleg er frå Bergen.

Link til heimeside :

www.oskar-andersen.no
Oskar Andersen© - Charlotte, Martin og hunden Presley
Charlotte, Martin og hunden Presley
Oskar Andersen©
Oskar Andersen© - Fotogaf Oskar Andersen i sitt nye studio.
Fotogaf Oskar Andersen i sitt nye studio.
Oskar Andersen©
Oskar Andersen© - Brudespranget.
Brudespranget.
Oskar Andersen©
Oskar Andersen© - Familien-portrett.
Familien-portrett.
Oskar Andersen©
Oskar Andersen© - Far og sønn.
Far og sønn.
Oskar Andersen©

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu