11-022, lokomotivet til Josip Broz Tito - versjon 2
11-022 var det første lokomotivet på «Det blå toget» som vart brukt av Josip Broz Tito på turar rundt i dei jugoslaviske provinsane. Etter 1957 vart det erstatta av diselmaskiner, men «11-022» vart brukt til lokaltrafikk heilt fram til desember 1978, da det vart pensjonert etter å ha køyrt 1,637,087 km.
10. april 1984 vart det plassert framfor hovudjernbanestasjonen i Beograd som eit monument for å markere 100-årsjubileet for strekninga Beograd Ni.
Lokomotivet vart bygd av ungarske MAVAG i 1947.
Eg la inn dette som versjon av 11-022, men eg syns likevel at eg skal la det få oppta ein av mine 4 tildelte vekesplassar.
Lokomotivet står ikkje så særleg godt plassert framfor jernbanestasjonen, så det er vanskeleg å kome til å få tatt eit godt bilete av det - eg har kanskje bevegd meg litt bort frå det opphavlege biletet her, men det er ein mani eg har for tida :-) og eg meiner at eg har fått til ei bra gjengjeving av detaljar på lokomotivet som ikkje ville komt så godt fram med berre å vise originalen.
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_295636} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.