Fiskarar på Galata Köprüsü
No er det jo slik at eg har for (u)vane å utgyte nokre ord... som oftast om heilt andre ting enn det som er på biletet... så kva kan eg da skrive om når eg så utvilsamt befinn meg på øvste delen av Galatabrua, der oppe som bilttrafikken gjeng... og der fiskarane stend tettare enn sardinar pla gjere i boks. Det er høgda over der alle innkastarane frå fiskerestaurantane halar og dreg i deg... Eg hadde eit måltide der. Det kan forresten vere ein risikoidrett, ikkje på grunn av maten, der føler eg meg trygg... men nei, det er alle fiskesnøra; tett i tett med sen som heng på faretrugande avstand frå oss som anten gjeng slalåm mellom bord, fiskarar og innpiskarar, eller har gjeve heilt opp og funne oss eit bord med ein, rett skal vere rett, fristande fiskerett ... og rakı, eller den forbløffande gode Efes Pilsen.
Smilande spør min tenar, etter måltidet, om det smakte. Åh nei, eg kunne da ikkje nekte for det, nei,(van som eg er med den heimlege norske maten med berre sånn litt under passe mykje smak og så som så konsistens.) Yes, it is a very good fish, sir, seier den smilande... It is macerel... bought from Norway!
Og det var det eg tok harikarisjansen for, med sardinliknade fisk sprellande opp på tynn sen, berre ein gaffelavstand frå meg.
Bildet inngår i albumet Tyrkia -
  • Versjoner:
  • Versjon #1
    Original
  • Lagt inn: 2008-01-03 15:06:07
    Versjon #2
Utstyr
  • Olympus E-330
  • Olympus Zuizko Digital 14-54 1:2.8-3.5
  • Blender-
  • Nei
  • Annetåja, her er det nok gimpa litt, du
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_295175} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (0)
Vær den første til å glede fotografen med en kritikk på dette bildet!
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu