Eirik Holmøyvik

Eirk Homøyvik, 29, er jurist og arbeider som forsker ved Universitetet i Bergen. Han er en amatørfotograf vi er stolt over å ha som medlem på foto.no. I dette brukerportrettet lærer vi fotografen bedre å kjenne.
Kan du fortelle litt om bakgrunnen din som fotograf?

- Eg er fullstendig sjølvlærd som fotograf og har aldri tatt formell utdanning, kurs eller workshop. Å lære seg grunnleggande fototeknikk er ikkje så vanskeleg. Utfordringa ligg i å omsette den i gode bilete.

- Fotografering og bileteskaping er noko eg gjer for meg sjølv. For tida har eg gåande eit par prosjekt der seriane "Slik dei små ser det" og "Island" er dei eg har brukt mest tid på i det siste. "Slik dei små ser det" er ein serie om verda sett frå eit barneperspektiv. Alle bileta er laga med enkle plastikkamera og Polaroid-film. Dette gir eit unikt uttrykk som eg meinar kler prosjektet godt. Serien "Island" er ei studie av landskapet på Island formidla gjennom svart/kvitt-fotografi. Her er eg ikkje ute etter ei "autentisk" attgjeving av landskapet, men mi subjektive tolking av det.

- Eg har hatt fleire utstillingar i Noreg og Storbritannia, og bileta mine har blitt publisert i internasjonale fototidsskrift som Lenswork (USA), Black & White Photography Magazine (UK) og Lightleaks (USA).

- I tillegg til sal av bilete gjennom galleri har eg eller har på veg bilete for sal hos fleire internasjonale møbel- og interiørkjedar. Dette gjer at eg får dekt dei verste utgiftene i høve til fotograferinga.


Hvordan vil du beskrive deg selv som fotograf?

- Eg vil seie eg er søkande. Eg prøvar heile tida å uttrykke meg visuelt, anten det er å formidle ei meining, ei kjensle eller ei stemning.


Du sier at grunnleggende fototeknikk ikke er så vanskelig å lære seg. Likevel er jeg nysgjerrig på hvordan du har tilegnet deg den nødvendige fotokunnskapen som selvlært fotograf. Kan du fortelle litt om det, samtidig som du kommer med noen tips til unge fotografer som ønsker å bli dyktige amatørfotografer?

- Eg lærte meg grunnleggande fototeknikk gjennom fotobøker og anna litteratur. I tillegg prøvd eg og feila. Masse! Og det gjer eg framleis. Det er som regel mange mislukka forsøk, og dermed erfaring, bak eit godt bilete.

- Fototeknikken er likevel berre ein liten del av mi personlege utvikling som fotograf. Eg gjekk nokså raskt over frå teknikk-fokusert litteratur til å lese om bilete og bileteskaping. Her las eg, eller rettare sagt såg eg, bøker med bileta til kjende og ukjende fotografar og målarar. Gjennom å sjå gode bilete, både fotografi og måleri, får ein gradvis ein sans for kva som er eit godt bilete, og litt seinare byrjar ein å forstå kvifor eit bilete er godt. Eg trur dette er ei utvikling som aldri tar slutt, ein blir aldri utlært. Eg blir det iallfall ikkje.

- Mitt råd til ferske fotografar er å sjå mykje på andre personar sine bilete, fortrinnsvis gode bilete, og prøve å analysere for seg sjølv kvifor eit bilete er godt eller dårleg, og kva det er som gjer det slik. Eg går då ut i frå at ein gjer det same med eigne bilete. Dersom ein ikkje er kritisk til eigne bilete vil ein aldri utvikle seg som fotograf. Det er difor viktig å prøve og feile, og ikkje være redd for å feile eller få det påpeikt av andre. Problemet er sjølvsagt at dersom ein legg bilete ut for kritikk på fotosider på nettet vil ein stort sett berre få ros, og veldig sjeldan kritikk.


Kan du nevne noen av bøkene som har inspirert deg?

- Det er fleire bøker som har inspirert meg, men ei bok eg vil nemne er den vesle boka Twenty One Red-Crowned Cranes and One Black Crow av Camille Solyagua. Den burde gi dei mange fuglefotografane på foto.no noko å strekke seg etter. Den har berre 11 bilete, og dei er små, men du verden så flotte dei er. Sjå http://www.camillesolyagua.com/photographs/cranes/index.html


Hvor mye tid bruker du på å fotografere?

- Inntil relativt nyleg brukte eg rundt 30 timar i veka på å fotografere, planlegge prosjekt, framstille og redigere bilete og anna fotorelatert verksemd. Men i løpet av dei siste 18 månadane har det blitt både kone og barn, og det legg naturlegvis ein dempar på verksemda. Dessutan har eg ein relativt krevjande "dagjobb" som ikkje er ein typisk 8-4-jobb. På den andre sida har eg kome til eit punkt no der prosjekta mine går meir eller mindre av seg sjølv.


Har du noen fotografer som du liker spesielt godt?

- I farten kan eg nemne Sally Mann, Kenro Izu, (tidleg) Edward Steichen, Corinne Mercadier, Raymond Meeks, Camille Solyagua, Michael Kenna, Hiroshi Sugomoto og mange fleire. Eg oppdagar stadig nye fotografar (og andre biletekunstnarar) som inspirerar meg.

- På foto.no merkar eg meg gjerne dei fotografane som har utvikla ein eigen og særmerkt stil. Blant den store medlemsmasssen på foto.no er det sjølvsagt milevis mellom desse, men nokon er aktive framleis. Eg står sikkert i fare for å gløyme nokon her, men fotografar som Merethe Wessel-Berg, Carl Martin Nordby, Dag Thrane, Arne Strømme, Knut-Inge Johnsen og Erlend Mørk har alle sin stil som er lett gjenkjenneleg. Sjølv om desse fotografane er svært varierte i uttrykket er det likevel ein fellesnemnar i det medvitne og velutvikla bileteuttrykket hos dei.


Du har nylig fått barn og jobber med fotoprosjektet "Slik dei små ser det". Kan du fortelle litt mer om dette?

- Dette prosjektet byrja eg med lenge før barnet var tiltenkt. Eg har alltid vore fascinert av melankolien og tanken om ein tapt barndom. Det er noko med naiviteten og fantasien i eit barnesinn som går tapt når vi blir eldre. For meg er prosjektet fyrst og fremst ei personleg utforsking av dette emnet. Eg veit faktisk ikkje om eg skal halde fram prosjektet no når mitt eige barn har kome inn i livet mitt. Dette prosjektet er så nært knytt til mi eiga oppfatning og søken etter barndommen at eg veit ikkje om det let seg gjennomføre no når eg skal følgje mitt eige barn gjennom livet.


Har du noen andre spennende fotoprosjekter du planlegger eller ønsker å jobbe med i fremtiden?

- Eg har eit par potensielle prosjekt på idéstadiet, men ingen som eg har konkretisert enno. Men eg veit at eg vil jobbe meir med portrett, for det har eg ikkje gjort så mykje tidlegare, og eg er heller ikkje så flink til det. Difor må eg berre prøve meg meir med denne typen bilete.

- Eg har nyleg illustrert ein rettshistorisk antologi med utgangspunkt i dei ti boda. Kvart bodord har eg illustrert med eit bilete som viser hender i ulike posisjonar og former. Bileta skal òg printast på handlaga japansk papir, der kvart stykke papir er unikt, akkurat slik som dei ti tekstane i boka. Det er meininga at desse bileta skal stillast ut i samband med lanseringa av boka 26. august i år. Eg har òg skrive ein av dei akademiske tekstane; om statssuverenitet i folkeretten og spørsmålet om humanitær intervensjon. Litt av ein kombinasjon, eller kva?


Hvilket fotoutstyr bruker du og kan du fortelle litt om ditt forhold til utstyr?

- Eg brukar alle typar fotoutstyr. Filmbaserte kamera av alle typar, frå storformat, mellomformat, pinhole, rammesøkar-kamera og såkalla leike-kamera eller "toycamera." I tillegg brukar eg digitalkamera, men stort sett berre til bryllaupsfotografering og familiebruk. Bruken av kamera er avhengig av kva type bilete eg vil lage. Til landskapsbileta mine brukar eg nesten utelukkande eit Hasselblad mellomformat-kamera fordi dette gir svært god biletekvalitet og er lett og solid å bruke. Dessutan er det kvadratiske 6x6 filmformatet svært godt eigna til landskapsbilete. Til serien "Slik dei små ser det" brukar eg berre Polaroid-film og billege leikekamera med plast-objektiv. Dette fordi denne kombinasjonen gir eit spesielt og draumande uttrykk som passar til prosjektet.

- Når det er sagt så har eg ikkje masse utstyr, og eg er heller ikkje spesielt oppteken av det. For meg er kamera, objektiv og anna utstyr berre verktøy som eg brukar for å lage bilete. Utstyr er viktig det, men ikkje viktigast. Nokre av bileta eg fekk publisert i det amerikanske fototidsskriftet Lenswork, som er kjende for å være svært kresne når det gjeld biletekvalitet, var gjort med eit 30 år gammalt mellomformatkamera, som eg kjøpte brukt for 1500 kroner, og skanna på ein billeg Epson-skannar.

- Eg har inntrykk av at mange fotografar er vel så opptekne av utstyr som av bilete. Det er berre å sjå på alle diskusjonane om utstyr på diskusjonsforumet på foto.no. Det kan synest som om mange, og gjerne ferske fotografar, trur dei må ha alle moglege typar utstyr, og særleg objektiv, for å bli tatt seriøst som fotografar. Sjølv fotograferte eg utelukkande landskapsbilete med eit enkelt normalobjektiv inntil for 2-3 år sidan. Les ein derimot på ulike diskusjonsforum på nettet, foto.no er ikkje noko unntak her, så blir ein gjerne fortalt at ein MÅ ha ei drøss med objektiv av alle moglege brennvidder. Dette er berre tull. Eg brukar framleis mest mitt gamle normalobjektiv til landskapsbileta mine (dels fordi eg synest synleg vidvinkeleffekt på landskapsbilete er vulgært).


Hva er ditt forhold til det digitale fotografiet?

- Det er godt! Eg brukar stort sett film, men eg skannar den og skriv den ut på ein digital skrivar. Dermed blir det digitale bilete likevel. Eg har ingen sterke kjensler om film og digitale fotografi. Om eit bilete er gjort med digitalkamera eller film er irrelevant for meg. Det er sjølve biletet som er viktig.


Har du et bilde du har tatt som du er spesielt godt fornøyd?

- Bilete nr. 7: Eit lite steg og eit stort sprang. Ideen bak dette biletet hadde eg tenkt lenge på. Eg ville skape eit bilete i serien "Slik dei små ser det" som uttrykker uvisse og eit snev av melankoli. Nokre barn er redde for det ukjende. Dei er redde for at eit steg inn i det ukjende skal medføre at dei mistar det som dei kjenner frå før. Å uttrykke dette var hovudføremålet med biletet, men det kan sjølvsagt tolkast på andre måtar også. Nokon av bileta i denne serien har vekt nokså sterke kjensler til folk eg har vist den til.


Kan du beskrive den selvvalgte portfolioen du har valgt?

- Dei 7 fyrste bileta er frå serien "Slik dei små ser det". Dei 6 siste er frå serien "Island".


Har foto.no på noen måte hjulpet deg til å bli en bedre fotograf?

- I byrjinga var foto.no til ganske stor hjelp for meg fordi eg fekk råd og kritikk av ein del dyktige og erfarne fotografar. Dessverre er dei fleste borte no. Det er ikkje så rart med tanke på utviklinga på foto.no dei siste par åra. Den har vore ei katastrofe for nettstaden som ein møteplass for seriøse fotografar, både profesjonelle og amatørar. No lærar eg gjennom å sjå på bilete, men ikkje dei på foto.no.


Hvordan kan foto.no bli et bedre nettsted for fotografi i fremtiden?

- Eg er vel ein av dei som meinar at foto.no har sett sine beste, og nest beste, dagar. Det grunnleggjande problemet er at foto.no har ei veldig stor medlemsmasse med svært varierande ambisjonsnivå. No om dagen dominerar den delen av medlemsmassen som knapt har eit ambisjonsnivå. Dette visar att særleg på biletekritikken/biletegalleriet, men òg på diskusjonsforumet. Det paradoksale er at den redaksjonelle kvaliteten på foto.no er mykje betre no enn tidlegare, men den delen som er styrt av brukarmassen (biletegalleriet/biletekritikken) har degenerert ned til ei suppe av kosekultur og "syklubb", dandert med ein stadig aukande flaum av elendige bilete. Om ein stakkar prøvar å kome med ein kritisk kommentar til eitt av dei "fantastiske" bileta som haustar endelause mengder med ros og kos, risikerar ein i beste fall å bli møtt med ein mur av taushet, eller i verste fall sutring og kjeft. Det er ikkje rart at ein etter ein av ressurspersonane frå nokre år tilbake har gitt opp foto.no.
Eirik Holmøyvik - 1. To inn i mørket
1. To inn i mørket
Eirik Holmøyvik
Eirik Holmøyvik - 2. Bruda
2. Bruda
Eirik Holmøyvik
Eirik Holmøyvik - 3. Ei kanin ber
3. Ei kanin ber
Eirik Holmøyvik
Eirik Holmøyvik - 4. Bak lukka auge ser eg alt
4. Bak lukka auge ser eg alt
Eirik Holmøyvik

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu