Knut-Inge Johnsen

Knut-Inge Johnsen har inntil nylig undervist i foto på folkehøgskole og han har vært medlem på foto.no siden desember 2000. I dette Brukerportrettet stifter vi nærmere bekjentskap med fotografen.
Kan du fortelle litt om bakgrunnen din som fotograf?

- Den er vel eit resulaltat av ein djup fasinasjon for fotografi, eit sterkt indre driv, mykje prøving og feiling – samt at eg har vore heldig å ha motteke impulsar frå store og dyktige fotografar, for eksempel på workshops. Men - det starta i alle fall her: bilde nr. 351342

- Eg var 5-6 år, på slutten av 1950-talet. Faren min plasserte kameraet øverst på to krakkar. Eg nådde så vidt opp, kikka gjennom søkjaren og trykte av. Ei stor æra for meg – mitt første bilde – ein gneist vart tent. Dette var også mitt første bilde av mine foreldre - meir enn 45 år før eg tok dette: bilde nr. 239214

- Fasinasjonen for fotografiet blei ikkje mindre då eg som 10-åring fekk eit brukt Kodak Brownie 127. Eg gjekk straks i gang med å ta bilde av "alt" rundt meg av interesse: hunden min, vennane, familie etc. Eg husker framleis den uutholdlege ventetida (ca. 14 dagar) frå eg leverte inn filmen til eg fekk bildane ( s/h), og den forventningsfulle kriblinga i magen då eg opna bildepakken…..

- Først i godt vaksen alder gjekk eg til innkjøp av mitt første speilrefleks, og det blei nokre tusen lysbilde av natur og familie, før eg for snart 20 år sidan og for første gong forvilla meg inn i eit mørkerom – for aldri å komma skikkeleg ut igjen. Frå då av var det stort sett s/h som gjaldt – ikkje minst etter at eg tilfeldigvis kom over eit Rolleiflex 3,5 C som var blitt totalvraka, men som blei redda ut av ei containar (!) til eit nytt liv. Det kvadratiske, store formatet, med den supre oppløysinga og kvaliteten på negativane, gav meg eit nytt kick til å jobba med eigne s/h bilde. Fram til denne dag har Rolleiflexen vore mitt hovedverktøy. Eg har hatt den med meg alle stader eg har reist i verda, sjølv om eg også innimellom nyttar meg av andre gode redskap ( Hasselblad, Leica M6 m.m.).

- Lenge var eg imidlertid svært usikker på om det eg laga var noko særleg - om det for eksempel var noko å visa til andre. Med mykje frykt & beven meldte eg meg på Morten Krogvold Workshop i Vågå 2001, trinn I. Det å få Morten Krogvolds anerkjenning – og få den såkalla "Vågå-prisen", var for meg ei utafor-kroppen-og-over-jorda-oppleving, som gav meg den nødvendige energien for å jobba vidare. Året etter var eg også på trinn II. Morten Krogvold si evne til å inspirera og setja fotografiet inn i ein større samanheng, har betydd mykje for mi personlege utvikling som fotograf.

- I minst like stor grad gjeld dette også Anders Petersen, som eg var på workshop med for nokre år sidan. Dersom Morten Krogvold Workshop var ei "over-jorda-oppleving", så fekk Anders oss både ned på og også ned i jorda. Han snakka mykje om jord, om at energien fanns i "skiten", i det mørke og ubehagelege, det vi gjerne var redde for… Men han understreka: "Ver gjerne redd, men du skal ikkje vera redd for å vera redd! " Genialt sagt. Han utfordra til å gå inn i det ukjende og utrygge, for – som han sa: "Tryggheten er eit knark." Det skjer ingen utvikling der. Eit skikkeleg spark bak…. Anders er nok den beste pedagogen eg har vore utsatt for.

- I fjor var eg dessutan på ein workshop med Michael Ackerman, ein fotograf med eit personleg, råsterkt uttrykk. Han tvinga oss til refleksjon rundt eiga fotografering med for eksempel følgjande utsagn: " These are real good photos, but I cannot see why they had to be taken". Som å få eit slag i ansiktet etter at garden er blitt seinka…. Særdeles ubehageleg og særdeles nyttig. Det dreiv i alle fall meg vidare til å tenkja gjennom kva eg eigentlig dreiv på med, kva eg eigentleg ville med fotograferinga – og kvifor…..

- Eg har også opplevd det utviklande å vera linjeleiar og lærar på ei fotografilinje i folkehøgskolen. Det å leva tett inn på og arbeida saman med 12-14 motiverte 19-20 åringar i ni månader, sjå korleis dei utviklar ferdigheiter og forståelse, å reisa saman med dei i inn- og utland, laga utstillingar etc. etc. – det er eit eineståande privilegium – og enormt stimulerande med tanke på eiga utvikling.

Hvordan vil du beskrive deg selv som fotograf?

- Eg leste eit intervju med Robert Doisneau ein gong der han delte fotografar inn i to hovedkategoriar: "jegarar" og "fiskarar" ( Han såg på seg sjølv som "fiskar") Vi forstår vel umiddelbart kva som ligg i desse begrepa, og dei fleste av oss vil vel kjenna oss litt igjen i begge. For min eigen del kjenner eg meg vel mest igjen i det tredje begrepet som historisk har tilknytning til desse to: "samlaren": Eg opplever at eg som fotograf går rundt og prøver å "samla inn" viktige, "gode", essensielle, livskraftige, livsbekreftande etc.etc. øyeblikk – øyeblikk som eg imidlertid håper kan formidla noko tidlaust ut over øyeblikket….

Hvor mye tid bruker du på å fotografere?

- Det varierer, sjølvsagt, men eg er aldri langt unna eit kamera, for å seia det slik. Når eg går ut, prøver eg å la det bli ein del av "påkledningen" ( periodevis kamera i éi hand og gitaren i den andre…..), sjølv om eg ikkje alltid er like konsekvent der. Når eg er heime, ligg det som regel ein lada Rolleiflex innan rekkevidde. Ein veit jo aldri….. I praksis går det vel neppe ein dag utan at eg har eksponert nokre filmruter.

Hvilke tips vil du gi til nybegynnere som ønsker å bli dyktige amatørfotografer?

- ''Kameraet gjer ingenting for deg, om du ikkje har noko i hovudet eller i hjartet, " seier Arnold Newman. Forvent ingenting av kameraet, men alt av deg sjølv – like lite som ein som har ambisjonar om å bli dyktig til å teikna skal forventa noko av blyanten. Stå i mot det enorme trykket som fortel deg om alt utstyret du "må" ha, og begynn heller med eit minimum av utstyr. Då eg kjøpte meg mitt første speilrefleks "måtte" eg også ha diverse vidvinklar, tele-zoomer, nærlinser, konvertarar etc.etc. Etter kvart har eg skrella bort det aller meste av dette, og bruker i dag kun eit normalobjektiv ( med unntak av ein portrett-tele til Hasselbladen når eg jobber på oppdrag). Dette er kanskje litt "ekstremt", men poenget er: Gjer dei tekniske valga så få og enkle som mogleg, og ha fokus på fotograferinga.

- Det viktigaste av alt er imidlertid at du har det indre drivet, motivasjonen, at du er hekta. Då har du nemleg den beste forutsetninga for det som er like viktig: Hardt og målretta arbeid. Det har hendt nokre gongar at gitarelevar har spurt meg korleis dei kan bli gode gitaristar. Og når eg då svarer: "Mykje øving og hardt arbeid", så har dei gjerne spurt: " Finns det ingen annan måte…?" Vi lever i ein tidsalder der vi har vent oss til at nesten alt er blitt meir lettvint og mindre tidkrevande. Men det er framleis nokre mål det ikkje finns snarvegar til…..

- For min eigen del har eg - som sagt - også hatt stort utbytte av fotografiske workshops, og ved å studera fotografiske bilde som dei beste fotografane har tatt. Eg vil prioritera dette framfor hyllemeter med litteratur om utstyr og teknikk.

Har du noen fotografer som du liker spesielt godt?

- Å , ja – mange. Eg bruker periodevis mykje tid på å sjå på god fotografi – det er heilt grunnleggande for meg, og eg brukte også mykje tid saman med elevane mine til det. Eg nemner gjerne mange namn: Henri Cartier-Bresson(!), Brassai, Izis, Willy Ronis, Robert Doisneau, Edouard Boubat, Eugene Smith, Josef Koudelka, Abbas, Elliott Erwitt, Anders Petersen, sjølvsagt….Eg kunne nemna endå fleire….Irving Penn, Helen Levitt, Werner Bischof… For tida ser eg mykje på bildene til Mario Giacomelli. Eg blir heilt satt ut av bildene hans – dei har ei heilt spesiell kraft.

- På foto.no er det også mange dyktige fotografar. Sjølv om det er litt "farleg" å plukka ut nokre få, så har eg likevel lyst til å nemna fotografer som Arne Strømme, Kristoffer Landsend, Eirik Holmøyvik og Danny Twang, fordi eg tidleg la merke til og fann inspirasjon hos desse. Samtidig er det mange unge som lover det aller beste og som det blir spennande å følgja, for eksempel Espen André Istad, Peter Monstad, Rune Egenes m.fl.

Du fotograferer fortrinnsvis analogt. Hvilke tanker gjør du deg rundt det digitale fotografiet?

- He, he – no lokker du meg ut på tynn is over djupt vatn… Det er jo filmen som er MITT medium – med alt som det innebærer, ikkje minst når det gjeld etterarbeidet. Timane i mørkerommet, gjerne nattestid, med god musikk – totalt isolert frå omverda, er ein bonus eg vanskeleg kan tenkja meg utan. Prosessen blir ein viktig del av produktet mitt – og det er med på å fylla livet mitt med stor livskvalitet – så enkelt er det kanskje….

- Analogt/film eller digitalt – eg trur det må bli personlege valg utifrå nettopp dette. På fotografilinja som eg har vore leiar for, har eg imidlertid sett at det er filmen og mørkeromsarbeidet som har gjeve dei aller fleste elevane det store kicket, spranget og aha-opplevingane – men ikkje alle. For nokre er det heilt tydeleg at det digitale mediet passar best og gjev størst utviklingspotensiale.

- MEN – generelt vil eg våga å hevda at dersom nokon seier at det digitale mediet er "bedre" fordi det er "raskare" og meir "lettvint", så blinkar det mange varsellampar hos meg, fordi eg trur at "raskt & lettvint" veldig lett blir korrelatea til "fort-ferdig-og-overfladisk". Når elevar på fotografilinja spring grinande og/eller bannande ut av mørkerommet, smeller med døra og får lyst til å kasta kamera i veggen – men kjem tilbake like etterpå og prøver igjen for n’te gong – då veit eg at viktige, grunnleggande ting er i ferd med å skje med dei. Eit museklikk fram og tilbake er neppe i stand til å nå ned til dei samme dybdene i "sjelslivet"….
Bærer isen enno…??

Har du noen spennende fotoprosjekter du planlegger eller ønsker å jobbe med i fremtiden?

- På ein måte er eg nettopp i ferd med å avslutta eitt prosjekt: Dette året har eg hatt redusert stilling på jobben for å vera to dagar heime i veka saman med vår yngste, som skal begynna på skolen til hausten. Vi har hatt eit flott og realt "gutteår" saman, med fisking, roing, litt seiling, turer i skog og mark med bålbrenning, småsnekring m.m. , som eg også har prøvd å dokumentera fotografisk. Anbefales! Elles har eg ingen konkrete, utanom dette som til ei kvar tid er blitt mitt hovedprosjekt: Prøva å fanga dei uforutsigbare og livskraftige øyeblikk som livet består av – og som utspiller seg alle stader til alle tider. Eg syns det er utruleg spennande å dra til nye, ukjende stader langt borte. Samtidig er jo livet minst like mirakuløst og spennande midt i kvardagslivet, der vi til ei kvar tid lever livet vårt. Utfordringa består jo i å oppdaga dette. Som John Lennon sa: “Life is what happens while you are busy making other plans."

Har du et bilde du har tatt som du er spesielt godt fornøyd?

- Hm…det var eit vanskeleg valg, men kanskje dette: bilde nr. 383148
"Morskysset." Bildet blei tatt sju dagar etter at sonen min var født. Det var nokså seint på kvelden og lyset var dårleg, og eg hadde langsom film i Rolleiflexen. I det kona mi reiste seg for å bera guten i seng, bad eg henne stå stille eit øyeblikk, treiv kamera og tok to håndholdte, la-a-nge eksponeringar. Tok det vel for gitt at dette blei miserable greier – og det eine blei då også totalt mislukka. Derimot dette, der ho kysser barnet….For meg blei det eit uttrykk for mange av kjenslene mine akkurat då. Det skjer jo "noko" med ein mann når han blir far…… Og sjølv om dette er eit svært personleg bilde, så opplever eg likevel at det ikkje er for privat, fordi så mange i ettertid har gitt uttrykk for dei samme kjenslene når dei har sett bildet.

Kan du beskrive den selvvalgte portfolioen du har valgt?

- Alle bildene har med menneske som eit viktig element, og det er nok ikkje tilfeldig. Det er menneske som fasinerer meg mest. Dei reine naturbildene, som eg tok så mange av før, då eg brukte slides, tar eg nesten aldri meir – dette til tross for at eg er eit utprega friluftsmenneske.
Portfolioen uttrykker også dei tre hovedkategoriane som eg jobbar mest med:

1. Dei reine portretta (bildene 1 – 6). Dette trivst eg særdeles godt med. Eg legg stor vekt på den gode kontakten – og gjerne augekontakten ( med nokre få unntak) med modellen. Eg bruker nesten alltid naturleg lys, sjølv om eg har adgang til studio.

2. "Gatefotografi " (Bildene 7 – 15). Å vandra gatelangs med kamera, gjerne i store byer der det syder av liv, gjev meg ein utruleg sterk livsfølelse. Eg kan gå rundt, nesten som i transe - mektig rusa på endorfiner. Eg står gjerne grytidleg opp – ofte i 6-tida – og går ut og ser byen vakna til liv. For snart to år sidan var eg på tur med jobben min til Beijing. Like bortenfor hotellet fann eg dei eldgamle hutongane, som var totalt turistfrie. Det var som å vandra rundt på eit filmsett – satt opp berre for meg. Fleire av bildene er derifrå, og dei fleste er tekne svært tidleg om morgonen, då varene blei sykla/kjørt inn på det lokale markedet, folk kom ut for å opna forretningane, og gjerne kombinerte dette med frokosten og tannpussen etc.etc.

3. "Dei livskraftige øyeblikk" (Bildene 16 – 22). Dette er ein litt diffus kategori, som eg har prøvd å namngje sjølv. Det er dei spontane, uforutsigbare, udefinerbare, "magiske", "livskraftige" tildragelsar og øyeblikk - som berre skjer – rundt deg, og gjerne i den næraste familien. For å registrera desse er det nødvendig å prøva å ta vare på "barneblikket" vi alle hadde ein gong – som ser på livet omkring med undring, før magien blir slått i hél av vanen…..

Har foto.no på noen måte hjulpet deg til å bli en bedre fotograf?

- Det trur eg nok – og eg er takknemleg for alle dei som har brukt tid og energi på å gje konstruktiv kritikk på bildene. Ikkje minst var dette viktig då eg var ny på dette forumet, at dyktige og kunnskapsrike fotografar gav tilbakemeldingar, rettleiing og oppmuntring.

Hvordan kan foto.no bli et bedre nettsted for fotografi i fremtiden?

- foto.no er etter mi meining eit bra nettsted. Om det skal bli endå bedre, er vel mykje opp til brukarane. Samtidig er det viktig med bevisstgjering på kva som måtte vera sjølve hovedpoenget – og etter mi meining må vel det vera det gode fotografiet. Alt det andre, alt som har med teknikk, utstyr m.m. bør vera underordna det, sjølv om dette også er viktig. Det er viktig med stor takhøgde, samtidig som det er å ønska at erfarne, kunnskapsrike, dyktige fotografar fortsatt "orker" å bidra med bilde, bildekritikk og diskusjonsinnlegg rundt dette spørsmålet.
Knut-Inge Johnsen - 1. Tuva
1. Tuva
Knut-Inge Johnsen
Knut-Inge Johnsen - 2. Sigrun
2. Sigrun
Knut-Inge Johnsen
Knut-Inge Johnsen - 3. Håkon
3. Håkon
Knut-Inge Johnsen
Knut-Inge Johnsen - 4. Ingvild
4. Ingvild
Knut-Inge Johnsen

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu